
Are Kalvø introduserte seg sjølv gjennom ein imitasjon av Jens Stoltenberg, og latteren frå salen brasa ut allereie. Utover førestellinga blei han berre morosamare og morosamare, og det var ikkje berre ein gong eg lo. Eg lo mest av avslutninga, da han etterlikna Jan Thomas, Ari Behn og Kong Harald. Han må verkelig få ros av kor flink han er til å imitere!
Førestellinga handla stort sett berre om tull og tøys, noko Are Kalvø lever av. Han las utdrag frå bøkene sine og fortalde bakgrunnen for historia sine. Han fortalde at sjangeren hans var kåseri og alt han skrev var på nynorsk. Det beste med dette var kvifor han skriv på nynorsk. Det var ikkje for å behalde det gamle norske språket. Det var heller ikkje for han elska språket. Men det var rett og slett for at han skulle høyres meir intelligent ut. Han meine at når ein skriv på nynorsk, slepp man unna med alt. Det er kanskje noko sant med det han seie?
Høyres eg ikkje litt smartare ut enn til vanleg i dette innlegget?