mandag 8. februar 2010

Min verste språkfiende vol2

I denne teksten skal eg fortelje om noe som provoserer meg ved det norske språket. Det er eit ord som irriterer meg så grenselaust at når eg høyrer det riv eg meg sjølv i håret og avbryt samtala med ein gong. Eg klarar ikkje å la vere og erge meg og kommentere det når noen er så utruleg dumme, og vel å bruke dette ordet. Det er eit ord som overhovudet ikkje eksisterer, og har vore ei irriterande kvise på det norske språket i mange, mange år.

Ordet eg snakkar om startar på ”d” og sluttar på ”ems”, og er sjølvsagt ikkje noko anna enn: DEMS!

Korleis er det mogleg å vere i stand til å bruke dette ordet? Då eg var ung og uvitande banka barneskulelæraren tusenvis av gonger inn i hovudet mitt: ”DET ER IKKJE NOE SOM HEITER DEMS!!!”. Eg tok til meg kunnskapen, og sia har ordet ”dems” blitt mi verste fiende.

En av mine beste venninner brukar dette ordet stadig vekk. Det er kanskje noe av det mest provoserande og irriterande eg veit om. Eg avbryt vedkomande kvar gong ho seier det, og siterer læraren min med ein sint og oppgidd stemme: ”DET ER IKKJE NOE SOM HEITER DEMS (FOR GUDSSKYLD)!!!

At folk enda ikkje har lært seg å ALDRI bruke ordet DEMS, men heller bruke ordet DERES er heilt på trynet spør du meg. Eg håpar verkelig norsklæraren setje foten ned og gir ein kraftig minus til elevar som presterer å bruke dette forferdelege ordet i oppgåvene sine. Det hadde i kvart fall eg gjort.


Fekk du ei deja-vu kjensle? Det er i så fall ikkje noe rart. Dette innlegget er ein "nynorsk-versjon" av eit tidlegare innlegg, som du finn her.

Ingen kommentarer: